17. mai kortesje

17. mai kolonneDette kjem du truleg aldri til å få oppleva fleire gonger! I år blir det 17. mai-tog på fjorden, i Norges kanskje største konvoi. 

Båtfolket i Ryfylke, Stavanger Veteranbåthavn, 17. maikomiteen i Sandnes kommune, Ryfylke Dampskipsselskap, Veteranskipslaget Rogaland, og Nattrutens Venner inviterer alle som har fartøy og fritidsbåtar til å delta.

MS Sandnes skal leia an ein konvoi som startar frå Sandnes havn, ved Sandnes Sparebank.
MS Rogaland skal leie an ein konvoi som startar frå Stavanger havn, v/Konserthuset.

Det er ynskjeleg at alle er på plass i havnene før kl. 13.00
Då blir det nemleg fellessang av «Ja vi elsker» i heile Norge. Det blir også saluttar og taler, før felles avgang, ca. kl. 13.30.
Konvoien tek kanskje 2-4 timar, avhengig av kor lenge ein vil vera med. Fart på konvoien blir truleg rundt 6 – 7 knop.

Konvoiane frå Sandnes og Stavanger møtes på fjorden, der veteranbrannbåten Nøkk, vil ta imot oss med vatnkanonar. Nøkk leiar så heile konvoien eit stykke vidare, mot næropptak av TV. Deretter går konvoien mot Hommersåk/Usken. Der deler konvoien seg i to – ei kortare rute tilbake og ei rute til Forsand. Konvoien til Forsand vil gå med ca. 12 knops fart.

Ved kaiar langs ruta, vil me bli møtt av korpsmusikk og filmopptak. Me kjem med i fjernsynssending, så dress dykk flott opp, pynt båtane med flag og grønt.