Har du sett hamnespy?

Miljødirektoratet sin plakatHamnespy er ein framand art som legg seg som store teppe på havbotn, og fortrengjer andre artar. Hamnespy kan få alvorlege konsekvensar for norske kystområde og marine næringar. 

No treng vi hjelpa di til å stoppe spreiinga av hamnespy!

Kva kan du gjere?

Det viktigaste er å sjekke båt og utstyr jamleg. Du bør òg botnsmørje båten med anti-fouling maling før du set den ut.

Har du fått hamnespy på båt eller utstyr? Fjern hamnespy ved å:

- set båt/ utstyr på land i ei veke

- spyl eller skrap botnen av båten/ utstyret. Sørg for at begroing og spylevatn ikkje renn ut i sjøen

-plasser utstyr med begroing i ferskvatn i minst seks timar

Les meir om korleis du kan bidra til å stoppe spreiinga av hamnespy her: Stopp spredning av havnespy – Miljødirektoratet (miljodirektoratet.no)